Møtet blir leidd av ein eller to upartiske meklarar. Oppgåva deira er å legga til rette for at partane skal kunna snakka saman. I møtet får alle høve til å fortelja om opplevingane sine, reaksjonar og kjensler rundt det som har skjedd, og om kva dei ønska skal skje framover.

Det er partane og ikkje meklaren, som kjem med forslag til kva som skal stå i ein eventuell avtale. Det er som hovudregel to veker angrefrist på avtalar i straffesaker, medan i sivile saker kan partane sjølv avtala ein angrefrist dersom dei ønsker det. Partane kan òg avtala å møtast fleire gonger.

Alle som er tilstades i møtet har teieplikt jf. konfliktrådslova §9, om det som skjer i møtet. Formålet med teieplikta er at alle skal kunna snakka fritt og føla seg trygge på at det som blir sagt ikkje kjem vidare med mindre partane sjølv har avtalt det.