Mekling skil seg frå konfliktløysing i domstolane der det ofte handlar om å få rett og vinne over den andre parten. I mekling brukar ein dialogen – slik at partane i større grad får innsikt i kvarandre sine handlingar, synspunkt og kjensler.

Meklaren vil ta kontakt med deg og andre partar for å avtale tid for meklingsmøtet. Konfliktrådet har kort behandlingstid. Ved behov vil meklaren tilby deg ein forsamtale for å informere om møtet der du kan stille dei spørsmåla du måtte ha. Du kan sjølvsagt òg be om ein samtale. I nokre saker vil konfliktrådet foreslå at fleire enn berre dei som er direkte involvert, møter. Eit møte i konfliktrådet kan derfor ha frå to til mange deltakarar. Behovet for å ha med støttepersonar vil avklarast i forsamtalen. Partane kan ikkje møta med advokat.

Er partane under 18, år har foreldre og verje rett til å vere til stades, og dei skal òg underskriva ein eventuell avtale.

Det er frivillig å møta i konfliktrådet. Partane har rett til å trekke seg både før og under møtet. Dersom saka har komme frå politiet, vil ho i så fall bli sende tilbake med melding om at saka ikkje er løyst.