Jente på benk web

Bilde ble delt i sosiale medier, saken havnet i konfliktrådet

Historier fra meklingsrommet:

Konfliktrådet fikk inn en sak der en gutt hadde filmet en jente som kysset med en annen. Han hadde delt filmen med andre via sosiale medier. Jenta var fortvilet og flau. Hun visste heller ikke hvordan filmen av henne hadde kommet så mange utenforstående i hende. 

bilulykke_Thomas Wolter_pixabay

Takk for at du torde å møta meg

Ruset og på flukt frå politiet, køyrde «Tore» i svært høg fart i feil retning på motorvegen. Plutseleg small det. I bilen han trefte, sat Martin, ein ung mann på 20 år. Martin vart alvorleg skadd. 

sparegris

Å tasta feil i nettbanken kan by på konfliktar

Å tasta feil i nettbanken kan få store ringverknader. Det erfarte ein mann som ved eit uhell sende kr. 10 000 til feil kontonummer førre sommar. 

bom_pixabay

Kjeda seg - gjorde hærverk

Fire gutar kjeda seg ein kveld, og keisemda skulle visa seg å få utløp på ein måte som fekk følgjer for gutane. Utstyrt med lightergass og mykje kreativitet klarte dei å gjera store skader på ein vegbom som høyrde til eit firma i nærleiken.

Geit

Nabokonflikt med geiter og trakassering

Svoltne geiter som brekar etter leggetid, bilkøyring i høg fart gjennom tunet – og dessutan trakassering via meldingar og kroppsspråk, var striden mellom naboar på landet.   

  

branntilløp 2

Fekk livskvaliteten tilbake etter møte med dei som stifta brannen

Ole opplevde marerittet i livet sitt etter to forsøk på brannstifting i bustadbyggeleaget der han og sambuaren bur. Vekene etterpå var prega av angst og manglande nattesøvn – som igjen gjekk utover arbeidet. Etter å ha møtt dei som stifta brannen er kvardagen i ferd med å bli bra igjen.

telefon_ungjente

Mobbing og truslar på nett

Historier fra meklingsrommet:

To jenter hadde sendt ei rekke krenkande meldingar til kvarandre, mellom anna «Du kan gå og henga deg», «Ingen likar deg», «Viss du hadde døydd hadde ingen brydd seg». Skulen jentene går på hadde delt seg i to grupper med «tilhengarar» til kvar av jentene. Straffesaka enda opp hos konfliktrådet.

Illustrasjonsfoto. Bildet er tatt av Tumisu fra Pixabay.

Hærverk etter påkøyring, enda ved meklingsbordet

Åtferda vår er ikkje alltid like rasjonell når vi drikk og kjenslene våre kjem sterkare fram. Det fekk ein ung mann erfara. «Erik», 19 år, var godt rusa og skulle heim etter eit utandørs arrangement han hadde deltatt i.  Han tenkte at det kunne vore lurt å ta ein snarveg ned til t-banen og hoppa derfor over gjerdet og ut i bilvegen. «Marie», 30 år, måtte bråbremse og køyrde nesten ned Erik. Han reagerte med sinne og sjokk og slo til panseret og reiv av vindusviskarane. Politiet var på staden og melde Erik for skadeverk. Samtidig vart Marie meld for uaktsam køyring.

Bildet er fra pixabay

Sende angerfylt brev etter tjuveri frå bestemor

– Vi trong pengar og vi visste kvar vi kunne få tak i det, sa «Pål» som saman med ein kamerat stal pengar frå bestemora til kameraten. Sjølv om dei vart idømde samfunnsstraff, var ikkje Pål ferdig med saka. Via Friomsorgen fekk han kontakt med konfliktrådet. Han skamma seg og ville møta den eldre dama. Det ville ikkje ho, men takka hjarteleg for brevet som Pål sende henne i staden.