_MG_3494

Truet med kniv

14 år gamle Henrik var anmeld for truslar med kniv. Det hadde sin bakgrunn i følgande hending:

Ein vakker vårdag hadde han og kompisen hans, Ivar, vore ute og fiska. Dei hadde hatt det veldig fint i lag. Men så kom fleire av gutane i klassen og ville vere med, og Henrik kjende seg utanfor. Han valde å gå heim. Då han var begynt på heimvegen, såg han at ein av gutane gjekk inn i sjøhuset som tilhøyrde familien til Henrik, og henta ei fiskestang. Det var Henrik si fiskestang. Henrik ropa at dei måtte legge den tilbake. I staden kasta dei stanga på sjøen. Dei ringde til han, og kalla han mellom anna «ein feit faen». Henrik gjekk så ned igjen til sjøhuset, og der truga han med kniv for å få att fiskestanga. Ivar ba Henrik om å kaste frå seg kniven, det gjorde han. Mor til ein av gutane melde saka til politiet. Alle gutane som var innblanda i hendinga og foreldra deira, gav samtykke til møte i konfliktråd.

I møtet tok Henrik ansvar for trugsmålet, og ba om orsaking for det han hadde gjort. Han sa at han hadde tenkt mykje på det han hadde gjort i ettertid, den redselen han hadde påført andre, og at det var ei «idiotisk handling.» Det kom også fram at dei andre gutane hadde mobba Henrik i lenger tid, at han nesten dagleg blei utsett for plagsame kommentarer.

Det kom vidare opp at påklaga hadde delteke i eit tidlegare møte på skulen, saman med nokre elevar, foreldre og lærarar, der mobbinga vart tatt opp.  I etterkant vart han banka opp av dei andre elevane fordi han hadde klaga, uten at dette fekk vidare følge for dei som hadde utført handlinga.

Foreldre til dei andre gutane hadde sett på Henrik som eit uromoment i klassen, no fekk dei ei litt anna forståing for Henrik, at dei hadde gjort han urett.

Avtalen inneheld ei oppsummering av det som skjedde i møte. Den inneheld punkt om at både Henrik og dei andre gutane ba kvarandre om unnskyldning, og at unnskyldningane vart godtekne.  Vidare at alle partane vil gå inn for at kameratskapen mellom dei skal bli betre, at dei vil inkludere kvarandre, syne kvarandre respekt, og ikkje komme med negative utsegner om kvarandre.

 

 

Tips en venn Skriv ut