Deltaking i stormøte på bakgrunn av ei ulovleg handling, kan ha førebyggande effekt for framtidig lovbrot. Men korleis er det dette skjer? Korleis kan ein opprette eller erstatte skader på inventar i barnehage, på plantar i parken eller på parkerte bilar, og - korleis kan ein skape ny tillit og tryggleik der det er blitt utryggleik og skepsis?
Når 20 - 30 personar er samla på bakgrunn av ei negativ hending er det lett å tenkje seg at det kan vere sprikande erfaringar, følelsar og synspunkt. Systematisk bruk av forsamtaler og eit skript med fast struktur, gjer stormøte til ein relativt trygg metode. Deltakarane blir invitert til forsamtale, og blir vidare invitert inn i stormøte. Dei som deltek skal vere førebudde, den hjelper til å halde fokus på saka, og at alle får komme til orde. Plassering i sirkel er ein effekt i seg sjølv. Når ein er i ein sirkel er ein med i aktiviteten i sirkelen, ein er i same rytme og same rørsle, og gjer det sirkelen legg opp til.
Sosial kontroll
Uttaler som er kome i møte, peikar i retning av sosial kontroll. "Det verste var å bli ringt opp av politiet og kalla inn til avhøyr", sa ei mor til ein som hadde vore med på ei ulovleg handling. "Då eg fekk vite at sonen min hadde vore med på skadeverket, var eg så skamfull og lei meg at eg måtte gråte" sa ein far i møte. Dette er sterke utsagn å lytte til for sonen eller dottera som har gjort skadeverk. At det blir sagt i møte med fleire som lyttar, gjev den meir effekt.
Dei deltakande veit kven som var med då dei ulovleg hendingane skjedde. Det vert difor vanskeleg å komme unna å ikkje møte, alle må stille opp. Vi har erfart at vilje til å gjenopprette, vert sterkare av at den oppstår i fellesskapet. Det at alle må svare for seg, medan dei andre høyrer på, får lettare unna alle bortforklaringane, skaden står igjen, og krev ei gjenoppretting. På den andre sida har vi også opplevd at ungdom og føresette ikkje er villige til å ta ansvar. Denne haldninga kan også spreie seg i gruppa, og gjere til at fleire ønskjer å vike unna. Gruppepresset kan også verte så sterkt at personar er med på opplegget gruppa kjem fram til, sjølv om dei eigentleg ikkje vil det.
Fagpersonar
Å få med fagpersonar i møte kan hjelpe til med å utvide perspektivet på det som har skjedd.
Når politiet i eit stormøte fortel om konsekvensar av lovbrot, opplever vi det slik at deltakarane tek det til seg. På den andre sida har vi opplevd at tilsette i politiet vegrar seg for å møte. Saka gjeld gjerne ungdomar i deira nærmiljø, og dette ser dei kanskje for seg kan bli pinleg og vanskeleg.
Møte i konfliktråd er alternativ til tradisjonell straffereaksjon. Alt i alt er det vel mekanismene ved sosial kontroll vi ønskjer å bruke, i staden for fysisk kontroll med straff og bøter. Ved å vere bevisste mekanismene i dette feltet, kan ein lettare forhalde seg til dei i samsvar med våre etiske retningslinjer.