Kontakt konfliktrådet

Har du spørsmål eller treng eit råd?

Alle kan ta uforpliktande kontakt med konfliktrådet for informasjon, råd eller rettleiing om ei aktuell sak. Alle tilsette ved konfliktråda og meklarane har teieplikt. Ønsker du å melda inn ei sak til det lokale konfliktrådet ditt kan du gjera det ved å ringa - eller senda inn skjema her. Konfliktrådet tar kontakt med den andre parten. Det er gratis å få saka si behandla i konfliktråd.

Er du part i ei straffesak og ønsker mekling i konfliktrådet, kan du be politiet vurdera om saka eignar seg. Dette bør du ta opp så tidleg som mogleg til dømes når du møter til avhøyr eller ved melding. Både du og den andre parten må samtykka til konfliktrådsbehandling. I straffesaker er det vanleg at politiet innhentar samtykke, men konfliktrådet kan òg hjelpa til med dette.


 

Vil du ringa oss?

Alle førespurnader rundt saker under behandling, eller ønske om å melda inn ei sak for konfliktrådet, rettast til det lokale konfliktrådet.

Finn kontaktinformasjon til konfliktrådet ditt ›

Åpningstid mandag til fredag kl. 08:00 – 15:00.

 

christine-wilberg-web_.jpg

Direktør

Christine Wilberg
christine.wilberg@konfliktraadet.no 

telefon: 913 29 433

Mediekontakt

Gro Jørgensen, informasjonssjef
gro.jorgensen@konfliktraadet.no

telefon: 918 84 571

 

Har du møtt i Konfliktrådet?