Illustrasjonsfoto. Bildet er tatt av Tumisu fra Pixabay.

Hærverk etter påkøyring, enda ved meklingsbordet

Åtferda vår er ikkje alltid like rasjonell når vi drikk og kjenslene våre kjem sterkare fram. Det fekk ein ung mann erfara. «Erik», 19 år, var godt rusa og skulle heim etter eit utandørs arrangement han hadde deltatt i.  Han tenkte at det kunne vore lurt å ta ein snarveg ned til t-banen og hoppa derfor over gjerdet og ut i bilvegen. «Marie», 30 år, måtte bråbremse og køyrde nesten ned Erik. Han reagerte med sinne og sjokk og slo til panseret og reiv av vindusviskarane. Politiet var på staden og melde Erik for skadeverk. Samtidig vart Marie meld for uaktsam køyring.

Bildet er fra pixabay

Sende angerfylt brev etter tjuveri frå bestemor

– Vi trong pengar og vi visste kvar vi kunne få tak i det, sa «Pål» som saman med ein kamerat stal pengar frå bestemora til kameraten. Sjølv om dei vart idømde samfunnsstraff, var ikkje Pål ferdig med saka. Via Friomsorgen fekk han kontakt med konfliktrådet. Han skamma seg og ville møta den eldre dama. Det ville ikkje ho, men takka hjarteleg for brevet som Pål sende henne i staden.